torsdag 24. september 2020, 20:00 - 22:00

Informasjon

1970-2020; "Ut i verden" i 50 år

Klikk for stort bilete

Jens A. Riisnæs har reist verda rundt i 50 år og er ein av Noregs mest bereiste journalistar. Han har brei bakgrunn frå universitet og høgskular i fag som sosialantropologi, geografi, sosialøkonomi, økologi, journalistikk og historie. I tillegg har reiseverksemda hans gitt han innsikt i den verkelege verda som formell utdanning åleine ikkje kan gje.
Jens A. Riisnæs er særleg kjend frå NRK, der han har hatt ei rekkje reiseprogram både i radio og TV. Eitt av programma, «Drømmereisen», vann European Broadcasting Unions Grand Prix i 1992. Programserien «Ut i verden», som gjekk kvar veke i Kulturkanalen P2 i nesten 20 år, vart eit kultprogram og ein institusjon for alle utanriksinteresserte nordmenn.

Riisnæs har utgitt fleire bøker, bl.a. bestseljaren  «Verdens viktigste steder», vore medarbeidar i Store Norske Leksikon og redaktør for Den norske Bokklubbens Reisebibliotek. 
Han pakkar framleis ryggsekken og oppsøkjer tunge politiske område som Aust-Europa, Balkan, Tyrkia, Midt-Austen, Kina, Korea og Japan. Også Afrika og Latin-Amerika har han vitja nok til å ha godt oversyn. Han fortel levande om korleis stoda i dag er samanlikna med verda anno 1970. 

Billettar

Kjøp her

Billettar kan også kjøpast ved Servicetorget på heradshuset og i Trivselshagen sin kafè.

Stad


6823 Sandane

Tlf.: 57883800

URL: http://www.trivselshagen.no

Kontakt


 

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk