torsdag 17. oktober 2019 16:00 - laurdag 19. oktober 2019 23:55

Informasjon

Fjordblues har verkeleg fått draget på damene i år med sterkt innslag av kvinnelege artistar, både norske og utanlandske.

Klikk for stort bilete

Hannah Wicklund and the Steppin’ Stones

kjem frå South-Carolina i USA . Kun 22 år gamal har Hannah gjeve ut 3 album og spelt over 2000 konsertar. Denne jenta er eit musikalsk kinderegg med alle sine kvalitetar. Ho er ein ypperleg gitarist, har ei fantastisk stemme med særpreg og ikkje minst skriv ho gode låtar. Etter 2 cruise i Middelhavet i august, det første saman med m.a. Joe Bonamassa og Peter Frampton og det andre saman med Jon Bon Jovi så kjem ho til Fjordblues. 

Elles Bailey

Frå Bristol i England kjem Elles Bailey med sitt band. Ho har 2 album bak seg som har fått glimrande mottaking både blant blues og roots/americana publikummet i England og Europa. Dette er musikk henta frå hjertet av dei amerikanske sørstatane. Ein miks av rock, blues og soul med sørstatstwang ispedd ein solid dose roots og americana.

Lindsay Beaver

har base i Austin og gav ut si første plate på Alligator Records i fjor. Plata fekk strålande mottaking av ei samla bluespresse. Ho er blant dei fremste representantane for ein ny generasjon av kvinnelege bluesartistar i Austin. 

Gode norske damer

Vi har også sterke norske kvinneleg artistar på programmet, ikkje minst det trønderske  fyrverkeriet TORA som også skal halde konsert for ungdomsskulen. Anita Nordheim med band frå Høyanger kjem også. Ho er tidlegare elev ved Firda vgs og leverer blues og soul med sjel og nerve. 

Knut Reiersrud

Ekstra hyggeleg er det at Knut Reiersrud kjem til Fjordblues for fyrste gong. Knut skal spele saman med The Jelly Roll Men og vi ser verkeleg fram til å oppleve Knut gå tilbake til røtene og spele autentisk/klassisk Chicago-blues. 

Doug Seegers

Doug Seegers er også på programmet. Denne Americana artisten som blei «oppdaga» på gata i Nashville av eit svensk TV-team har blitt stor stjerne i Sverige. No er han i ferd med å erobre Noreg også med sitt siste album «A story I got to tell» som fekk terningkast 6 i Dagbladet.

Med fleire... 

Andre artistar som også kjem til Fjordblues er årets unionsband Maldito, D’Mens frå Måløy, duoen Delta Daisy frå Eid og bandet Coons frå Firda vgs.

I tillegg blir det også barnekonsert, konsertar for både ungdomsskulen og Firda vgs samt fleire gratiskonsertar på dagtid både på Lauget og Fjæra Mat.

Billettar 

Fredag på Gloppen hotell: 
Jelly Roll Men feat. Knut Reiersrud, Lindsay Beaver, TORA

kjøp her

Laurdag på Gloppen hotell:
Hannah Wicklund and the Steppin' Stones, Elles Bailey, Doug Seegers, Maldito, Anita Nordheim, D'Mens, Coons

kjøp her

Klikk for stort bilete

Stad


 

Kontakt


6823 Sandane

URL: http://fjordblues.no/

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk