laurdag 28. mars 2020, 19:30 - 21:00

Informasjon

Suksessboka blir teater med Det Norske Teatret og skal på turné med Riksteatret!

Vi gleder oss over at denne forestillinga kjem til Sandane!

Det er Noreg på 2000-talet. To gutar veks opp i Tante Ulrikkes vei på Stovner i Oslo. Foreldra hadde eit håp. Sjølv står dei midt i brytinga mellom drabantbyen og storsamfunnet, mellom vaskehallen og studentkantina, karakterar og keef. 

Tante Ulrikkes vei handlar om to unge gutar sin kamp for å komme seg opp og fram og få eit betre liv. Det handlar om kjærleik, ungdomsliv og det å prøve å forstå storsamfunnet. Og det handlar ikkje minst om klasse og den politiske og politisk korrekte eliten si blindsone. 

Med Tante Ulrikkes vei har det lokale blitt globalt. Ei historie frå ein drabantby i Oslo har blitt til ei historie som angår oss alle, uansett kor i landet vi bur. Riksteatret er glade for at vi får lov til å bringe Det Norske Teatrets sceneversjon ut på turné til heile landet.

Sagt om boka: 

"Kanskje høstens viktigste bok" Dagbladet, 6 

"Zeshan Shakar plasserer seg helt sentralt på det skjønnlitterære kartet som heter aktuell norsk samtidsprosa med denne rå og varme debutromanen" VG, 6 

"[boka] treffer som et godt plassert knyttneveslag" Aftenposten

På scena

Gaute Adela Aastorp Cudjoe, Ragnhild Meling Enoksen, Thomas Bipin Olsen og Manish Sharma 

Team

Regissør: Victoria Meirik, Kostymedesigner, Scenograf: Unni Walstad, Lysdesigner: Gyril Høgberg og Dramaturg: Carl Morten Amundsen

Forestillingslengde: 1 time 40 minutter (ingen pause).

Omarbeidd for scenen av Carl Morten Amundsen og Victoria Meirik.

Produsert av Det Norske Teatret. På turné med Riksteatret.

Billettar

Kjøp her

Du kan også kjøpe direkte ved servicetorget på heradshuset eller i kafèen i Trivselshagen.

Klikk for stort bilete
 

Stad


6823 Sandane

Tlf.: 57883800

URL: http://www.trivselshagen.no

Kontakt


 

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk