laurdag 1. juni 2019 - laurdag 31. august 2019, Heile dagen

Informasjon

Går barnet ditt i 1.-7 klasse – eller byrjar på skulen til hausten? Bli med på lesekampanjen Sommarles!

Klikk for stort bilete

Saman med barn frå over 380 andre kommunar, kan alle barn i 1. - 7. klasse i Gloppen, vere med på Norges kulaste lesekampanje! Sommarles.no har vore ein stor suksess gjennom fleire år, og i fjor deltok meir enn 105 000 barn. Målet med kampanjen er å motivere barna til å lese så mykje dei berre orkar i løpet av ein lang sommarferie. 

I fjor deltok over halvparten av alle barna i kommunen vår, og vi veit at Sommarles skapte stort engasjement i mange heimar. Det er ikkje om å gjere å lese mest! Det er ikkje ein konkurranse med andre, men kanskje med seg sjølv? Ein førsteklassing treng ikkje å lese like mykje som ein tredjeklassing for å få premie. Så her kan alle delta og ha det kjekt. Dei som skal byrje i første klasse til hausten kan også delta.

Gloppen folkebibliotek på Sandane (Trivselshagen) er ope heile sommaren, og har mange fine bøker til alle.  

Opningstida er måndagar 10-17, tysdag-onsdag-torsdag-fredag 10-15. 

Sommarles.no gjer det gøy å lese! 

 

- Sommarles er ein digital lesekampanje på nettsida Sommarles.no. Barna lagar seg ein profil, registrerer alt dei les i kampanjeperioden og får XP (poeng) for kvar side dei les. 

- Sommarles.no er for barn i 1. - 7. klasse og  varer frå 1. juni til 31. august. 

- Barna får tilgang til ei spesialskriven forteljing av forfattar Mari Moen Holsve. 

- I tillegg til XP, kan barna også gjere seg fortente til digitale trofé og kule premiar som kan hentast på biblioteket.

Sommarles.no er utvikla av Vestfoldbiblioteka, Vestfold fylkesbibliotek og firmaet Snuti AS, og blir i 2019 leia av Finnmark fylkesbibliotek, Østfold fylkesbibliotek og Snuti AS.

 

Stad


Firdavegen 21,  6823 SANDANE

Tlf.: 40033721

(post): bibliotek@gloppen.kommune.no

URL: https://www.facebook.com/GloppenFolkebibliotek

Kontakt


 

Tlf.: 40035164

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk