søndag 22. september 2019, 14:00 - 17:00

Informasjon

Verdsdagen for psykisk helse

 

 

Klikk for stort bilete

Aktivitetsdag ved Nordfjord Folkemuseum.

Tema for 2019: Gi tid!

Temaet for verdsdagen i år er «Gi tid!”. Tid er noko vi kan kjenne at vi har knapt med. Andre kan kjenne på at tida blir lang. Årets tema utfordrar oss til både å gi seg sjølv tid til aktivitetar som gir energi og livsglede, og til å gi tid til kvarandre. Tid til å styrke både eiga og andre si psykiske helse.

Vi inviterer til ein aktivitetsdag der vi legg vekt på sosiale aktivitetar som er kjekke for store og små; klatring, natursti, hesteskokasting, popcorn med meir. Det vert appell og kulturelle innslag. Sal av enkel mat i kiosken. Hugs gode kle og sko, og innesko til hallen.

Velkomen til ein trivelig møteplass der alle kan delta!
Arrangørar er Nordfjord Folkemuseum, NAV Gloppen, Gloppen kommune ved folkehelsekoordinator og psykisk helseteam. Gloppen Frivilligsentral og frivillige lag og organisasjonar.

For meir info sjå: verdsdagen.no

Klikk for stort bilete

Stad


Gota 16,  6823 Sandane

Tlf.: 57884540

(post): nfm@misf.museum.no

URL: http://www.nordfjord.museum.no/

Kontakt


 

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk