måndag 21. oktober 2019, 19:00 - 21:00

Informasjon

Ei eksplosiv danseforestilling om å bryte menneskeskapte grenser.

Klikk for stort bilete

Kvifor forheld vi oss så ofte til kvarandre på bakgrunn av merkelappar, grupperingar og båsar? I Boxism samlast nokre av Norges fremste dansarar innan hip hop, samtidsdans, jazzdans og breaking. Hvilken sjanger eller «boks» kan denne forestillinga då plasserast i?

Boxism tek for seg temaet utvisking av menneskeskapte grenselinjer og båsar. Tittelen er basert på det engelske uttrykket "to be put in a box", eller på norsk, "å bli satt i bås", og viser til at det å sette kvarandre i bås er eit samfunnsfenomen på lik linje med andre -ismer; racism, feminism, nationalism, sexismosv.

Boxism er full av energi og eksplosivitet. Seks dansara med bakgrunn i ulike dansesjangrar møtes. Handlinga vert driven fram av ein tekstformidlar. Målet er å utforske grenselandet og krysningspunkta mellom dei ulike stiluttrykka. Gjennom samarbeid og fordjuping i felles problemstillingar får ulike uttrykksformer fungere i samspel. Visjonen er ei forestilling som bryt med gitte konvensjoner om form og innhold i ei danseforestilling; ei forestilling som ikkje kan plasserast i nokon spesifikk sjanger (”boks”).

Begrep som fordommar og stigmatisering blir problematisert og sett på dagsorden. – Kva er det i oss som gjer det så lett å møte noko annleis med skepsis? – Is it time to break the box?

Medverkande

Idé, konsept og kunstnerisk ledelse/koreografi: Catherine Michelet
Kunstnerisk medansvarlig og medvirkende: Navid Rezvani
Dansere: Jack Lorentzen, Eivind Linn, Christiane Bergersen, Albin Lindén, Sara Einbu og Catherine Michelet
Originalcast: Henriette Hamli, Jon Filip Fahlstrøm, Daniel Sarr, Marikken Heitkøtter Bratlie, Eivind Linn og Catherine Michelet
Scenografi og lysdesign: Ola Bråten
Lyddesign: Bernt Karsten Sannerud
Tekst og dramaturgi: Oda Radoor
Kostymekonsulent: Signe Vasshus
Produsent: Catherine Michelet

Støtta av: Kulturrådet, Fond for utøvende kunstnere, Fritt Ord og Fond for lyd og bilde.
Co-produsert av Bærum Kulturhus – Regionalt kompetansesenter for dans.

Billettar

kjøp her

Eller kjøp direkte ved servicetorget på herdshuset eller i kafêen i Trivselshagen

Klikk for stort bilete
 

Stad


6823 Sandane

Tlf.: 57883800

URL: http://www.trivselshagen.no

Kontakt

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk