fredag 13. september 2019, 19:00 - 20:30

Informasjon

Ei personleg jakt i ei felles fortid - Av og med Linda Eide

Endeleg kan publikum i Sogn og Fjordane, få gleda av å oppleva Linda Eide i ei varm og vittig soloframsyning, der ho utforskar både si eiga mor og det mytiske omgrepet gamle dagar. Dette er ei personleg jakt i ei felles fortid, ei tankevekkande framsyning med mat til både hjarte og hovud. Latteren sit laust, men bak den lurer også ei tåre.

Klikk for stort bilete

«Oppdrag Mottro» vart spelt på Hordaland Teater i Bergen hausten 2018 til stor suksess med fulle hus og framsyninga fekk veldig gode kritikkar i pressa:
 

Bergensavisen: «Linda Eide er en mester i å trekke linjer. Hun trekker linjer mellom tid, sted og mennesker»…«Det er bare Linda Eide som klarer å gjøre et helt ordinært liv om til noe underfundig og fint. Når det kommer til utlevering av egne familiemedlemmer, naboer og andre, så er det to metoder. Det er den Knausgårdske metode, og det er Linda Eides metode. Jeg tror Mottro, eller mamma Eide, er glad datteren ikke valgte førstnevnte.»

Dag og Tid: «Med Oppdrag Mottro har Hordaland Teater, som har flytta frå Fana til Bergen sentrum, vunne nok ein siger og synt både bergensarar og strilar at det finst eit godt nynorskteater i hjarta av byen»

Avisa Hordaland: «Trampeklapp for Linda og Mottro»… «Kor mange gonger har me ikkje høyrt at den store kunsten ligg i å gjera det personlege og eigenopplevde til noko allment attkjenneleg? I så måte er Linda Eide sin monolog Oppdrag Mottro stor kunst.»… «Linda og regissør Arvid Ones har på meisterleg vis funne den fine balansegangen som held publikum å tå hev «… «Sjeldan har tida gått så fort.»

Av og med Linda Eide

Regi Arvid Ones
Scenografi Olav Myrtvedt
Lys Einar Bjarkø
Video Einar Bjarkø, Linda Eide
Video / lyd tilrettelegging Mathias Grønsdal
Mottro si stemme Liv Bernhoft Osa


Produsert av Hordaland Teater i samarbeid med HiHat. Turné i Sogn og Fjordane i samarbeid med Sogn og Fjordane Teater.
Framsyninga varer i 1 time og 20 min utan pause.

Billettar

Kjøp billett

Billettar kan også kjøpast ved Servicetorget på heradshuset og i Trivselshagen sin kafè.

Klikk for stort bilete

Stad


6823 Sandane

Tlf.: 57883800

URL: http://www.trivselshagen.no

Kontakt


 

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk