fredag 13. desember 2019, 18:00 - 19:30

Informasjon

Vi feirar 10 år og slår til med ønskerreprise når jula nærmar seg. Oslo Gospel Choir kjem tilbake!!!

Sidan oppstartinga i 1988 har Oslo Gospel Choir vore sjangerdefinerande i Norge. Og no har dei gjeve ut 25 konsertopptakt og hatt over 1000 konsertar i inn- og utland. Med gospelmusikk, hymnar, norske folkesongar og popmusikk har dei solgt over 1,5 millionar album og vunne fleire prisar på si ferd. Koret var mestselgjande norske artist på 90-talet.

Norden sitt mest kjende gospelkor har samarbeidd med artistar som Andraé Crouch, Sigvart Dagsland, Tommy Körberg, Anita Skorgan, Mia Gundersen, Maria Haukaas Mittet og Sissel Kyrkjebø.
Gjennom to tiår har jula for mange vore knytt til lyden av denne legendariske samansetninga av stemmer. Leitar du etter julestemning kan du ikkje gå glipp av denne unike formidlinga av jula sine songar og tekstar.

Billettar

Kjøp billett

Billettar kan også kjøpast ved Servicetorget på heradshuset og i Trivselshagen sin kafè.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få tilgang til nyheter frå Trivselshagen Korleis du kan melde deg på finn du her

Julekonsert 2017 - Klikk for stort bilete
 

Stad


6823 Sandane

Tlf.: 57883800

URL: http://www.trivselshagen.no

Kontakt

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk