laurdag 30. november 2019, 19:00 - 21:00

Informasjon

Ein av våre mest folkekjære komikarar er endeleg tilbake med nytt solo show!
Rigmor Galtung fyller 50 år i år og dette blir feira med ei humoristisk forestilling.
Når ein fyller 50 er det tid for ei oppsummering, - og spesielt i forhold til dei kvinnene som har inspirert - og følgt ho gjennom 30 år, frå første dag på Stand- Up scena til i dag  - der imitasjon er ein del av kvardagen. 

Klikk for stort bilete

Forestillinga, «Syltynn, topptrent....og dønn ærlig» handla om livsløgner, erkjenningar, glede og sorg. 

Det «bur» nemlig veldig mange inni hovudet hennar, der nokon er meir framtredande enn andre. Gro Harlem Brundtland står i særstilling der, og Wenche Myhre var den første som «flytta inn». Seinare har ein heil haug med folk fulgt etter..... Alle disse menneska og figurane har vore med på å prege kven Rigmor er. Det ho no har funne ut, er at alle egentleg er delar og fragment av kven ho er sjølv. 

Først og fremst er likevel dette ei forestilling om å ha levd eit halvt århundre,- ei 50 års feiring av det å være menneske, på godt og vondt......og at det ikkje nødvendigvis er så farlig å bli eldre!

Bak scena har Rigmor fått med seg eit stjernelag av hjelparar. Blant anna skribent Elisatbeth Botterli frå «Nytt på Nytt» på NRK1,  på regi Pia Foorebally, film/redigering Mona Moe, musikk Jon Rørmark og  Geir Lillejord på kostyme. Det er berre å gle seg!

Velkomen inn i stova til Rigmor! 

Tilbakemeldinga etter premieren:

-    "Får publikum til å bryte ut i latter allerede det første minuttet på scenen" skriver Budstikka etter premieren på "Syltynn, topptrent & dønn ærlig"
-    «Et flott og intelligent show. Fra humring til latterbrøl» Bærum Frivilligsentral
-    «Forrykende show med selvironi og ærlighet» Publikum
-    «Fantastisk forestilling » Publikum

Billettar

Sikre deg billettar til tidenes show

Kjøp her

Billettar kan også kjøpast ved Servicetorget på heradshuset og i Trivselshagen sin kafè. 

Stad


6823 Sandane

Tlf.: 57883800

URL: http://www.trivselshagen.no

Kontakt

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk