laurdag 2. november 2019, 17:00 - 22:00

Informasjon

Benny Andersson er meir enn ABBA, 
meir enn «Mamma Mia» og «Waterloo» . . 

 

På grunn av stor pågang er det sett opp ein ekstrakonsert kl 17, i tillegg til konsert kl 20


I lang tid har Austrheim Musikklag førebudd ein konsert med musikk av Benny Andersson. Laget står i spissen for ein konsert i november, mellom anna for å vise sider ved Andersson sin musikk som mange ikkje er kjende med.

Saman med Björn Ulveaus har Benny Andersson skrive tallause poplåtar som har hamna høgt på hitlistene, men Andersson har også eit stødig bein i svensk slåttemusikk. Han har spelt trekkspel i mange år og samarbeidd med grupper og lag i det svenske spelemannsmiljøet. Dette har resultert i fleire konsertar og plater, og av slåttetypar har han komponert både polka og vals, schottis og polska. Under konserten vil publikum også få høyre meir viseprega melodiar som «Tröstevisa» og «Kärlekens tid», og slagerer i blues-tradisjon som «Du är min mann».

Benny Andersson var med og vann Melodi Grand Prix i 1974, og til konserten i november har Austrheim Musikklag fått med ein annan MGP-vinnar, vokalisten Elisabeth Andreassen

Musikklaget har også knytt til seg ei rekkje andre gode musikk-krefter, sjå berre her: 
Torgeir Apalset, Camilla Hole, Eivind Kandal, Øyvind Lyslo, Jørn Moen, Ole Henrik Mølmann, Håvard Nordvik, Otto Ose, Tore Pedersen, Elisabeth Røgeberg, Henrik Silfverhielm, Randi Støyva, Arne Søholt, John Rune Ødven, Bodvar Årskog, Stardalen mannskor.

Austrheim Musikklag håpar publikum vil få ein minnerik kveld i Trivselshagen.

Billettar

Konsert kl 17 (ekstrakonsert) kjøp her

Konsert kl 20 - UTSOLGT
 

Billettar kan også kjøpast ved Servicetorget på heradshuset og i Trivselshagen sin kafè. 

Klikk for stort bilete

 

Stad


6823 Sandane

Tlf.: 57883800

URL: http://www.trivselshagen.no

Kontakt


6823 Sandane

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk