søndag 10. november 2019, 11:00 - 16:00

Informasjon

Lansering av Jul i Nordfjord og juletreutstilling

 

Gran, furu eller einer? Plast eller ekte? Farga juletrelys eller ikkje? Spørsmåla når juletreet skal på plass er mange, og på dei vel 500 åra sidan det første juletreet kom inn i husa til folk har mykje endra seg. Årets juleutstilling på Nordfjord Folkemuseum, som opnar søndag 10. november, handlar om juletre og tradisjonar knytt til juletreet. Dei første juletrea vart pynta i Tyskland på 1500-talet, og via overklassen i byane, prestar og lærarar på bygdene, vart det etter kvart eit fast innslag i alle norske heimar.

 

Lanserer årets utgåve av Jul i Nordfjord

Samstundes som juleutstillinga blir opna er det også duka for lansering av «Jul i Nordfjord 2019». Nordfjord Folkemuseum tok over det redaksjonelle ansvaret for juleheftet for to år sidan, men held tradisjon tru fram med å kulturhistoriske og litterære innblikk frå Nordfjord. Jul i Nordfjord kom første gong ut i 1936, og er no inne i sin 72. årgang.

 

Meir info på heimesida til Nordfjord folkemuseum.

 

Klikk for stort bilete Klikk for stort bilete Klikk for stort bilete

Stad


Gota 16,  6823 Sandane

Tlf.: 57884540

(post): nfm@misf.museum.no

URL: http://www.nordfjord.museum.no/

Kontakt


 

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk