søndag 27. oktober 2019, 11:00 - 16:00

Informasjon

Museumssøndag: Tradisjonsmat


Lefser, blodkompar og vasskringler er noko av det du kan få med deg på museumssøndag 27. oktober.


Velkommen til museumssøndag på Nordfjord Folkemuseum, og denne gongen er det tett samarbeid med Gloppen bygdekvinnelag. 

Lefsekurs

Frå 11 til 16 blir det lefsekurs, halde av Bjørg Magni Sande. Då kan deltakarane lære seg korleis ein skal gå fram for å lage lefser. Mange har lyst å lære, men ikkje alle har nokon å lære frå. Så dette er ein ypparleg sjanse, seier Eva Marie Felde ved Nordfjord Folkemuseum. Kurset har plass til 10 personar, som må melde seg på i forkant av kurset. Det blir vist korleis ein lagar ein type Sunnfjordlefser og snekalefser.  

Klikk for stort bilete

Påfyll for alle

Etter at kurset er avslutta på ettermiddagen vil det vere høve for alle til å kome innom museet for å få kunnskap om også andre typar tradisjonsmat. 
-    Kari-Ann Fjellestad vil fortelje om tradisjonar knytt til jul og julemat og også sveipe innom vasskringler. Else Tystad vil fortelje meir om tradisjonar knytt til blodkompar. Hausten var jo tida for slakting og starten på førebuingane til all maten som skulle vere klar til jula, så her kan vi alle få gode tips om kva vi må gjere, seier Felde. 

Klikk for stort bilete
 

Meir info på heimesida til Nordfjord folkemuseum.

Stad


Gota 16,  6823 Sandane

Tlf.: 57884540

(post): nfm@misf.museum.no

URL: http://www.nordfjord.museum.no/

Kontakt


 

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk