fredag 15. november 2019, 19:30 - 21:00

Informasjon

VI TO er ikke Romeo og Julius

Klikk for stort bilete

Ryktet fortel at Eggum og Sivertsen har lagt nye planer, og tatt nokre nye (gitar)grep.
Førre gongen dei reiste på turné var det med stor suksess og fullsette salar over heile landet, og no har altså dei to gitarkameratane funne saman igjen, og er klare med både nye og gamle songar. 

Med kjente og ukjente gullfunn i kvarandre si skattekiste, med varme og store dosar humor byr dei to på sine helt spesielle skråblikk på verda og på kvarandre - med eit årelangt vennskap i botnen. 
Igjen skal desse to folkekjære, men veldig ulike artistane vise oss kvifor songane deira passar så godt saman, og kvifor både songane og songarane er elska av ein heil nasjon. 
Dei skal vise oss korleis ein, med berre to stemmer og to gitarar, kan fylle eit konsertlokale med intens tilstadeverelse, trøkk, rungande latter og myke, magiske augeblikk. 

Duo-formatet er nake og krevjande, men Jan Eggum og Halvdan Sivertsen oppnår på denne måten nærheit både til songane og til publikum. 
Eggum & Sivertsen stortrivast i kvarandre sitt selskap, og no skal det norske folk igjen få sjansen til å trivast saman med dei. 
Sånne er gode å ha.  
Kvar gong vi møtast er det på ‘an igjen.   

Konserten vert arrangert av Gloppen Musikkforum

Billettar

Sikre deg billettar  - kjøp elektronisk her

eller kjøp direkte ved servicetorget på heradshuset eller i kafeen i Trivselshagen
 

Stad


6823 Sandane

Tlf.: 57883800

URL: http://www.trivselshagen.no

Kontakt

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk