torsdag 31. oktober 2019, 20:00 - 22:00

Informasjon

«Er verdenssituasjonen i ulage?»

Verda og Vi 2019 - Klikk for stort bilete

Kjell Magne Bondevik har lang fartstid i norsk politikk. No kjem han til Sandane og Triveslehagen for å halde foredrag i serien Verda og vi.

Han møtte på Stortinget for  Kristeleg Folkeparti første gong som vararepresentant i 1969, var fast innvald for Møre og Romsdal, 1973 til 2005, og var partileiar frå 1983 til 1995. Han var statsminister i to periodar, 1997–2000 og 2001–2005, og har vore både utanriksminister og kyrkje- og undervisningsminister.

Bondevik tok initiativ til å opprette Oslosenteret som vart offisielt opna i 2006. Han er no leiar for dette senteret og vidarefører her arbeidet med den særlege interessa han har for menneskerettar, demokratiutvikling og interreligiøs og interkulturell dialog. Ei hovudsatsing for senteret i tida framover vil vere å bidra til konfliktførebygging og ansvarleg leiarskap i sårbare statar og skjøre demokrati. 
 

Billettar

Kjøp billettar elektronisk her. 

Billettar kan også kjøpast ved Servicetorget på heradshuset og i Trivselshagen sin kafè.

Stad


6823 Sandane

Tlf.: 57883800

URL: http://www.trivselshagen.no

Kontakt


 

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk