torsdag 4. april 2019, 20:00 - 22:00

Informasjon

"Er det en slik verden vi vil ha?"

Verda og vi 2019 - Klikk for stort bilete

Som ung jente reiste Eva Joly til Paris, først som au pair, seinare studerte ho jus og arbeidde som statsadvokat i Orléans. Ho har arbeidd mange år i Frankrike og er internasjonalt kjend for å ha kjempa mot korrupsjon og økonomisk kriminalitet.Ho stod i spissen for avsløring av korrupsjonen i oljeselskapet Elf Aquitaine og i storbanken Crédit Lyonnais.

Mellom 2002 og 2005 var ho spesialråd i Justisdepartementet med ansvar for Noregs arbeid mot korrupsjon og kvitvasking. Frå 2005 til 2008 var ho knytt til Utanriksdepartementet, også her med ansvar for arbeidet mot økonomisk kriminalitet.

I 2002 blei Eva Joly kåra til Årets europear av bladet Reader's Digest, i 2009 blei ho valt inn i Europaparlamentet, og i 2012 var ho kandidat for Europe Écologie Les Verts («Økologisk Europa – Dei Grøne») ved presidentvalet i Frankrike.

Billettar

Kjøp billettar elektronisk her.

Billettar kan også kjøpast ved Servicetorget på heradshuset og i Trivselshagen sin kafè. 

Stad


6823 Sandane

Tlf.: 57883800

URL: http://www.trivselshagen.no

Kontakt


 

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk