onsdag 21. mars 2018 - måndag 21. mai 2018, Heile dagen

Informasjon

Utstillinga "Bord dekk deg" står fram til 21. mai. Sjå nordfjord.museum.no for opningstider mm.

Nyttig og viktig samarbeid
Det er tredje gong interiørlinja ved Eid vgs og museet samarbeider om ei utstilling. For elevane er det ein sjanse til å få prøve seg i yrket som utstillingsdesignar, men også museet tek med seg gode erfaringar.

-Når unge og kreative sjeler får utfalde seg med gjenstandane våre så ser dei gjerne tinga og omgjevnadane våre på ein annan måte. Det er alltid spanande, seier formidlingsleiar ved museet, Eva Marie Felde.

 

 

Bord Dekk Deg-utstillinga 1Ingrid og Ane Mathea

Samarbeidet mellom skulen og museet har blitt utvida for kvar utstilling. For museet er det også ei målsetjing å nå ut til fleire og nye målgrupper med utstillingane, og samarbeidet med Eid vidaregåande skule er eit ledd i dette. Museet håpar elevane får auga opp for at museum kan vere aktuelle og interessante arbeidsplassar med tida.

Alt frå hornskeier og trefat til koppar og fat med blomstrande retromønster blir å sjå på utstillinga som opnar onsdag 21.mars på Nordfjord Folkemuseum.

Vi trur vi klarer å vise utviklinga av bordedekkinga frå 1800-talet og heilt fram til i dag. Mykje har endra seg, mange trendar har kome og gått – og nokre har kanskje nett kome tilbake igjen. Vi håpar gjenstandane vil vekkje minner for både unge og gamle, seier Ane- Mathea Alfredsen Førde.

Stad


Gota 16,  6823 Sandane

Tlf.: 57884540

(E-post): nfm@misf.museum.no

URL: http://www.nordfjord.museum.no/

Kontakt

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk