Eg er kjend med at eg har ei lovfastsett teieplikt etter forvaltningslova § 13 og at eg pliktar å gjere meg kjend med og følgje denne lovføresegna.
Eg har teieplikt om det eg får vite om:
- nokon sine personlege forhold, eller
- tekniske innretningar og framgangsmåtar samt drifts- eller forretningsforhold som det vil vere av konkurransemessig betyding å halde hemmeleg av omsyn til den som opplysninga gjeld.
Som personlege forhold blir ikkje rekna fødestad, fødselsdato og personnummer, statsborgarforhold, sivilstand, yrke, bustad og arbeidsstad, med mindre slike opplysningar røper eit klientforhold eller andre forhold som må sjåast som personlege.
I tillegg er eg kjend med dei særskilde teiepliktreglane som gjeld for den profesjonsgruppa eg tilhøyrer, eller i den bestemte delen av tenesteapparatet som stillinga høyrer til, og at desse reglane kan vere strengare enn reglane i forvaltningslova.
Slik teieplikt gjeld etter mellom anna følgjande lovverk:
- Personopplysningslova , § 1 lovens formål
- Helsepersonellova §21 Hovedregelen om taushetsplikt
- Helsepersonellova §21 a Forbud mot urettmessig tilegnelse av taushetsbelagte opplysninger
- Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester § 12-1
- Lov om barneverntjenester § 13-1
- Lov om sosiale tjenester § 44
- Lov om barnehager § 44
- Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæring § 15-1
(Lista er ikkje uttømande.)
Kvar gjeld teieplikta
Teieplikta gjeld alle tenestesaker, personlege opplysningar, helseopplysningar m.m. som eg får kjennskap til i arbeidet mitt om brukarar, barnehageborn, elevar, tilsette, kundar, leverandørar m.fl. Teieplikta gjeld spreiing av opplysingar munnleg, skriftleg, bilde, sosiale media eller på anna måte som kan avsløre sensitive opplysningar.
Når ei sak er underlagt teieplikt må ingen arbeidstakar omtale saka ovanfor utanforståande. Ut over dette kan saka berre omtalast når det er påkravd som følgje av handsaminga.
Eg skal heller ikkje utnytte opplysningar eg har fått kjennskap til i eiga verksemd eller i teneste eller arbeid for andre. Teieplikta gjeld også etter at eg har avslutta tenesta eller arbeidet.
Brot på teieplikta er underlagt straffesanksjonar, jf. straffelova § 209.