Skulefritidsordning (SFO)

SFO er eit frivillig fritidstilbod på skulen for barn i 1.-4. klasse. 

For barn med særskilte behov gjeld tilbodet om SFO frå 1.-7. klasse.

SFO føl skuleåret, med oppstart i august

Barna disponerer sjølve tida på SFO innafor gjevne rammer. Tilbodet skal legge til rette for utvikling og læring gjennom leik, kulturaktivitetar, leksearbeid og samhandling med andre barn.

Du søkjer om plass på SFO direkte til den enkelte skule.

Rektor ved den enkelte skule sender ut informasjonskriv med påmeldingsskjema som skal fyllast ut og leverast innan fristen. 

Nye 1. klassingar får informasjon om SFO og påmeldingsskjema på innskrivingsdagen. 

Påmeldingsfrist

1. april , og oppstart ved skuleårstart i august.

Pris

Kva kostar SFO?

Oppseiing av plass?

Dersom ein vil seie opp plassen på SFO, må dette gjerast skriftleg. Oppseiingstida er 1 månad. 

Regelverk

Sjå regelverket for SFO i Gloppen

Om du lurer på noko, ta kontakt med rektor på den enkelte skule

Redusert foreldrebetaling?

Sjå informasjon, og finn søknadskjema